Ukjente skattelister frå Helgøya

Av Frode Myrheim

Denne artikkelen er tidligere publisert i Hedmark Slektshistorielags Tidsskrift nr. 2-2003. Den eneste endring som er gjort er at vi har satt inn en innholdsfortegnelse i begynnelsen av artikkelen.

Innhold:
Innleiing
Landskatten 1613
Bygningsskatten 1616-1617
Kva nytt kan skattelistana gje oss av slektsopplysningar?
Konklusjon

 

Innleiing

 

Ved ein tilfeldighet i Riksarkivet fann eg den hittil eldste skattelista som inneheld brukarnamn frå Helgøya. Skattelista det er snakk om er Landskatten frå 1613. Denne og Bygningskatten frå 1617 skreiv eg av og dei er i sin helhet gjengitt nedanfor.

Det som er noe rart er at inga av desse skattelistane korkje genealogisk eller busetnadshistorisk har vori brukt tidligare. Per Øivind Sandberg seier i forkapitellet, Nes inntil 1721, i Nes bygdebok: Den første pålitelige registreringen av bosetningsenhetene på Helgøya vi har bevart, stammer fra 1649[1]. Kjelda Sandberg her visar til er Jens Bjelkes jordebok frå 1649. Sandberg bygger sitt forkapitell i stor grad på punktundersøkelsen han i slutten av 1970-åra gjorde for Ødegardsprosjektet (sjå årboka Nes og Helgøya 1977, s. 55-110).

Sandberg skriv at Mariakyrkjas prostilen vart slått saman med Rakkestad len til ei eigen forlening i 1606 og at denne forleninga vart gitt åt Claus von Ahnen[2]. Claus von Ahnen hadde denne forleninga i perioden 1610-1626. Det er på bakgrunn av det Sandberg skriv om Mariakyrkjas prostilen noe rart at ingen har vist om desse kjeldane. Hensikten med denne artikkelen er å vise hossen konsekvensar dette har fått for gards- og slektshistoria for Helgøya.

Men fyrst gjengir eg dei to skattelistane i rett avskrift etterfulgt av ei normalisert form.

 

Skattelistane

Den fyrste lista frå 1613 ligger under Mossedal len i Akershus lensrekneskapar (kort 34.7) og inneheld namnet på 26 skattebøndar. Trulig er dette heile busetninga på Øya ved dette leitet viss vi ser bor frå Hovinsholm som nok har hatt skattefritak.

 

Avskrift av landskatten for Helgøya 1613

 

Øen hinnhelge paa Hiedemarckenn

 

Fuldgaarder

Jffuer Auglangrødt
Bijrge Eegh
Olluff Wienn
Olluff Kiel
brødt
Niel
b Kamperødt
Thamis Hagelrødt

Lauritz Huall
Thore Morødt
Oluff Grimsrudt

Lauritz Suennerud                  xvij daller

Thore Skauen
n
Anders Horne
Lauritz Sundt
Erick Heggen
Mogens Staff
Anders Escherødt

Peder Sundt
                                                       

Ødegaarder                                                      

Anders Backerudt
Chresten Mijrre
Erick Røraas
b
Steinn Aas
ben
Erick Regnerødt                   jv d
aller
Gunde Fieldt

Arne Loduigen
Torkild Presterud
Knud Tostenrud                                                

Iver Avlangrud, skattar 1 dalar.
Børge Eik, skattar 1 dalar.
Ola Vien, skattar 1 dalar.
Ola Kjellsrud, skattar 1 dalar.
Nils Kamperud, skattar 1 dalar.
Tåmås Håvålsrud, skattar 1 dalar.
Lars Kval, skattar 1 dalar.
Tore Maurud, skattar 1 dalar.
Ola Grimsrud, skattar 1 dalar.
Lars Svennerud, skattar 1 dalar.
Tore Skavang, skattar 1 dalar.
Anders Horn, skattar 1 dalar.
Lars Sund (Øvre), skattar 1 dalar.
Erik Heggen, skattar 1 dalar.
Mons Stav, skattar 1 dalar.
Anders Eskerud, skattar 1 dalar.
Per Sund (Nedre), skattar 1 dalar.

Tilsaman blir dette 17 dalar.

Ødegardar

Anders Bakkerud, skattar ½ dalar.
Kresten Myre, skattar ½ dalar.
Erik Røråsen, skattar ½ dalar.
Stein Åsen, skattar ½ dalar.
Erik Raknerud, skattar ½ dalar.
Gunner Fjell, skattar ½ dalar.
Arne Lodvika, skattar ½ dalar.
Torkjell Presterud, skattar ½ dalar.
Knut Trosterud, skattar ½ dalar.

Tilsaman blir dette 4½ dalar. Alt i alt blir det 21½ dalar av dei 26 skattebøndane.

 

Bygningsskatt 1616-1617 Mossedal len i Akershus lensrekneskapar (kort 44.3) som reknar opp 26 skattebøndar, like mange som den førre. Også her har nok Hovinsholm skattefritak.

 

Avskrift av bygningsskatten for Helgøya 1616-1617

 

Øenn Helge, Paa Heddemarcken

 

Hiellegaarde,

Olluff Wienn
Bijrge Eig
Jffuer Aufflungrødt
Olluff Kielsrødt

Niels Kampperødt
Thamis Hagelsrødt
Lauridtz Huall
Thorre Møerødt
Olluff Grimbsrudt
Lauridtz Suennerødt
Thore Skaffuen
Anders Hoende
Lauridtz Sundt
Peder Sundt
Erick Heggenn
Mogenns Stabff
Annders Eskerødt

 

Lattris Huius
Hielle gaarde
Xvij

 

Halffue gaarde

Olluff Loffuigen
Erick Rør Aas
benn  2

(ny side)

Øddegaarder

Lauridtz Backerødt
Thorre Mijrre
Annders Aa
ben
Erick Racknerødt
Gunder Fieldt
Torckild Presterødt
Olluff Thostenrudt

 

Lattris Huius
Ødegaarder vij

 

Summarum Offuer Øen den Helge,
Hielle gaarde xvij Er xiij d
aller j ortt
Halffue gaarde ij Er iij ortt
Ødegaarde vij Er ij d
aller j ortt
Beløber tillsamen Pending xv daller j ortt

 

Heile gardar

Ola Vien
Børge Eik
Iver Avlangrud
Ola Kjellsrud
Nils Kamperud
Tåmås Håvålsrud
Lars Kval
Tore Maurud
Ola Grimsrud
Lars Svennerud
Tore Skavang
Anders Horn

Lars Sund (Øvre)
Per Sund (Nedre)

Erik Heggen
Mons Stav
Anders Eskerud

Halve gardar

Ola Lodvika
Erik Røråsen

 

Ødegardar

Lars Bakkerud
Tore Myre
Anders Åsen

Erik Raknerud

Gunner Fjell

Torkjell Presterud
Ola Trosterud

 

Tilsaman skulle kvar bonde på ein heilgard svare 72 skilling, på ein halvgard 35 skilling og på ein ødegard 24 skilling. Tilsaman kom det inn i bygningsskatt frå Øya 15 dalar og 1 ort.

 

Kva nytt kan skattelistane gje oss av slektsopplysningar?

 

På Avlangrud nemnast Iver både i 1613 og 1617. Garden vart delt i ein øvre og ein nedre gard i 1660-åra. Iver er ikkje nemnt i bygdeboka. Brukar av den øvre garden i 1660-åra var Erik Andersson f. o. 1630 og brukar av den nedre garden ved same leite var Hallvord Olsson, son av Ola Fjell på Toten, f. o. 1624. Både Erik og Hallvord er født i for seint til at det er sannsynlig at dei er værsoner av Iver.

På Eik er Børge nemnt både i 1613 og 1617. Børge er nemnt i bygdeboka som far åt Ola og Nils Børgesoner, forutan at han var tilstade ved ein grenseoppgang i 1634.

På Vien var Ola brukar ved dei to skattane. Heller ikkje han er nemnt i bygdeboka. Derimot er trulig hans son, Per Olsson f. o. 1604, nemnt i 1660-åra og frametter til i o. 1680. Ola var brukar av Kjellsrud i 1613 og 1617. Han fins ikkje nemnt i bygdeboka. Den fyrste brukaren bygdeboka har er Karl som var brukar av garden til 1655.

Nils var brukar av Kamperud ved dei to skattane og er ikkje nemnt i bygdeboka. Den fyrste brukaren i bygdeboka er Per Nilsson f. o. 1614 som muligens er sonen.

På Håvålsrud het brukaren Tåmås i 1613 og 1617. Han er heller ikkje omtalt i bygdeboka. Den fyrste brukaren i bygdeboka er Even Tordsson, f. o. 1605, nemnt frå 1659 og utover.

Lars på Kval er nemnt ved dei to skattane og han er omtalt i bygdeboka med fleire born født frå 1606 og utetter. Bygdeboka har her også ein brukar før ved namn Nils som var lagrettemann i 1591.

På Maurud heter brukaren Tore i 1613 og 1617. Tore er ikkje nemnt i bygdeboka. Den fyrste brukaren bygdeboka har er Narve Olsson som det var skifte etter i 1662. Kona hass het Kari Persdotter.

På Grimsrud het brukaren Ola i 1613 og 1617. Han er heller ikkje nemnt i bygdeboka. Han kan være far åt den fyrste brukaren som bygdeboka nemnar, Mons Olsson f. o. 1600. Mons brukar av garden i 1660-åra.

 

Lars hetar brukaren på Svennerud i 1613 og 1617. Bygdeboka nemnar også ein ved dette namn som var nemnt som bondelensmann i tida 1659-1660. Viss det er same mann må han i så fall vera tilårskommen som bondelensmann i 1660. Det er derfor svært usikkert om det er same mann. Helst er det vel snakk om to personar med same namn.

På Skavang var Tore brukar ved dei to skattane. Bygdeboka har fått med seg Tore da han var lagrettemann i 1591.

På Horn er Anders nemnt i 1613 og 1617. Han er nok identisk med den Anders bygdeboka nemnar som kyrkjeverge i 1625.

På ein av Sund gardane er Lars nemnt i skattane. Trulig er han identisk med den Lars på Øvre Sund som er nemnt i bygdeboka og som var død før 1658. 

På Heggen er Erik nemnt som brukar i 1613 og 1617. Han er ikkje nemnt i bygdeboka. Den fyrste brukaren bygdeboka har med seg er Jo Eriksson, f. o. 1610, som har born født i tida o. 1648-1672. Jo hadde ein bror Per som var brukar på Røråsen. Brukaren der het også Erik i 1613 og 1617 og det blir dermed uvisst om Jo og Per var sonar av Erik Heggen eller Erik Røråsen.

Mons er brukar på Stav i 1613 og 1617 er nok identisk med den fyrste brukaren i bygdeboka, Mons Persson f. o. 1585, som det er skifte etter i 1665. Ut i frå alderen skulle han ha vori 28 år i 1613 og det høvar bra med alderen på ein husbonde.

Eskerud har inga brukar i 1613, men i 1617 er Anders nemnt. Han er ikkje nemnt i bygdeboka. Den fyrste brukaren som er nemnt i bygdeboka er Asgaut Klemetsson, f. o. 1603 og brukar i 1650-60 åra. For det vi veit kan Asgaut ha vori ein værson av Anders, men dette blir rein gjetning.

På ein av Sund gardane er Per brukar i 1613 og 1617. Han kan være identisk med den Per på Nedre Sund som er nemnt i bygdeboka og som det var skifte etter i 1661. Men det forutsettar at han må ha vori godt opp i åra. I følge bygdeboka hadde han ein son Hans født i 1653 og det blir noe seint for ein mann som var brukar av garden allereie 40 år tidligare. Mest sannsynlig er desse to Perane ikkje same mann. Men det er sannsynlig at det kan ha vori eit slektskap.

Anders er nemnt som brukar på Bakkerud i 1613, men i 1617 er Lars brukar av garden. Ingen av desse er nemnt i bygdeboka. Den fyrste brukaren i bygdeboka er Jens Tordsson f. o. 1600 som var brukar i 1660-åra. Jens si fyrste kone het Tore Andersdotter og det var skifte er ho i 1662. Ut i frå namn og alder er det sannsynlig at ho var ei dotter av Anders.

Kresten var brukar på Myre i 1613, men i 1617 var Tore brukar av garden. Heller ingen av desse er nemnt i bygdeboka. Jørn Persson, f. o. 1619 er den fyrste brukaren som er nemnt i bygdeboka. Han hadde tre born som er kjent nemlig: Per, Lars og Erik. Ettersom vi ikkje veit kva kona åt Jørn het er det uvisst om det var noe slektskap mellom desse brukarane. Ut i frå namna åt borna er det derimot ingen ting som tydar på det.

På Røråsen var Erik brukar i 1613 og 1617. Han er ikkje nemnt i bygdeboka. Den fyrste som er nemnt i bygdeboka er Per Eriksson, f. o. 1616 som var brukar i 1660-åra. Det er nemnt at Per hadde ein bror som het Jo som budde på Heggen. Ettersom brukaren på Heggen også het Erik i 1613 og 1617 er det usikkert om Per og Jo var sonar der eller om dei var sonar her.

På Åsen er Stein nemnt som brukar i 1613, men i 1617 var Anders brukar av garden. Inga av desse er nemnt i bygdeboka. Den fyrste som er nemnt i bygdeboka er Erik Andersson som hadde born født o 1658 og o. 1667. Det er mulig at Erik kan ha vori ein son av den Anders som er nemnt i 1617, men ettersom Anders var eit mye brukt namn er det usikkert.

På Raknerud var Erik brukar ved dei to skattane. Han er ikkje nemnt i bygdeboka. Lars Svensson, f. o. 1614 som det var skifte etter i 1668 er den fyrste som er nemnt i bygdeboka. Kona hass het Kari Larsdotter. Det er dermed uvisst om det var noe slektskap mellom desse brukarane.

Gunner var brukar av Fjell. Den fyrste som er nemnt i bygdeboka er Iver Jensson, f. o. 1635, som var brukar av garden i 1660-åra.

Arne var brukar i Lodvika i 1613, men i 1617 er Ola brukar. Det er mulig at denne Ola er identisk med den Ola som var brukar av garden i 1661.

På Presterud er Torkjell brukar og han er ganske sikkert far åt brukaren i 1660-åra som hetar Tosten Torkjellsson f. o. 1613. På Trosterud var Knut brukar i 1613, men i 1617 var Ola brukar. Trulig er den Ola Knutsson, f. o. 1605, som er brukar i 1660-åra Knut sin son.

 

Konklusjon

 

Denne gjennomgangen av dei 26 gardane som er nemnt i skattelistane viser at på heile 19 av dei kjemer vi ein generasjon lenger attende enn bygdeboka for Nes. På 6 av dei 19 er det, utifrå namnelikhet, sannsynlig også slektskap mellom brukarane i skattelistane og den eller dei fyrste som er nemnt i bygdeboka.

Altså kan vi komme ein generasjon lenger attende på heile 73 % av gardane på Øya ved hjelp av desse listane. Og på 23 % er det sannsynlig snakk om far eller værfar av den fyrste i bygdeboka. Verdien av desse to skattelistane må derfor seiast å vera stor. Det må understrekast at eg ikkje har gått gjennom alt av skattelistar for Øya, men kun desse. Ved ein nøyare gjennomgang av lensrekneskapane virkar det som det ikkje fins eldre skattelistar enn Landskatten frå 1613 som inneheld namn på brukarar. Det virkar også som om Bygningsskatten er den nest eldste lista som inneheld namn på brukarane. Det er derimot grunn til å tru at det fins ein del skattelistar etter 1617. Dette materialet har eg ikkje sett på. 

 


 

[1] Nes Bygdebok, Andre Bind, 1 del. sp. 1, s. 10.

[2] Nes og Helgøya 1977, sp. 2, s. 18.

 

    Tilbake til toppen!
Graphics, photo enhancements and design: EveR Designs © 2003